Om Hundeidvik Privatskule

Hundeidvik Privatskule er ein barneskule for 1. – 7. klasse som er open for alle.

I motsetning til mange andre privatskular er det gratis å gå på skulen vår. Vi tilbyr også gratis skuleskyss til alle som har rett på dette og gratis frukost til alle elevar. Vi tilbyr også SFO til halv pris til alle dei som ønskjer dette.

Skulen blei starta i 2011 etter initiativ fra innbyggarane i Hundeidvik. Sidan vi ikkje hadde eigne lokale, leigde vi den gamle offentlige skulebygninga det første året. Men etter heltemodig innsats frå bygdafolket, flytta vi inn i ein heilt ny topp moderne skule i 2012. Her har vi store flotte klasserom, grupperom og fellesareal. Det gir oss tilgang til funksjonelle løysingar som gir gode forutsetningar for eit godt læremiljø.

Ein viktig del av skuledagen er friminutt og den frie leiken. Vi er så heldig å ha eit stort flott uteområde som er spesielt tilrettelagt for aktiv leik. Her ønskjer vi å utfordre elevane på både kreativitet og motorikk.

Skulen er lokalisert saman med Hundeidvik Grendahus, der vi har tilgang til gymsal, garderobar, dusjar og ikkje minst scene. Elevane synest det er spennande å stå på scena, og vi invitera ofte foreldre, søsken, besteforeldre og andre til framsyning. 

Gjennom eit godt samarbeid med Idrettslaget, har vi også tilgang til ny flott idrettshall. Her er det berre kreativiteten som setter stopper for aktivitetar på kunstgrasbana eller i klatreveggen

Med vår visjon «Med trivsel i sentrum og rett til å blomstre» ønskjer vi å halde fokus på eit inkluderande miljø, der både store og små skal få lov til å blomstre. Vi vil skape den beste skulen for våre elevar gjennom tett oppfølging og individuelt  tilpassa  opplæring.