På vår skule betalar ikkje elevane for å gå på skule. Det er gratis å vere elev ved Hundeidvik Privatskule. Hundeidvik Privatskule får tilskot frå staten for å drive skule. Dette grunnlaget er berekna ut frå gjennomsnittleg kostnadsnivå for 200 andre skular i Noreg. Av dette grunnlaget får vi tilskot som utgjer 85%.

Korleis kan vi klare å drive skule med berre 85% av kostnadsnivået? Hundeidvik Privatskule har bygd eit nytt skulebygg som tilpassa våre behov. Kostnadane har blitt haldt nede gjennom byggeteknikkar og kostnadsfokus. Samtidig er vi så heldig å kunne samarbeide med Idrettslaget om leige av Grendahus og idrettshall. Her disponera vi flotte areal til lave kostnader.