Vi har SFO på ettermiddagen for alle elevar i 1.-7.klasse som ønsker dette.

Her får elevane mat, og tilgang til ulike aktivitetar. Frileiken står i fokus.

På morgonen er frokosten open for alle frå 07.30 til skulestart. Det er difor ikkje behov for eigen SFO på morgonen.

Satsar SFO:

3 dagar pr veke kr 1100,-

5 dagar pr veke kr 1750,-

Ein får etter statlege ordningar refusjon for 12 timar gratis SFO for 1. – 3. klasse.