Alle elevar på vår skule har kvar sin Chromebook som dei nyttar kvar dag i læringa si. I tillegg brukar dei yngste elevane iPad ved behov.

I klasserommet fungerar Chromebook og iPad som eit supplerande læremiddel saman med fysiske lærebøker, materiell og praktisk læring. Elevane får ved fleire anledningar øve på å vise fram det dei har gjort på Chromebook eller iPad på tavla, og presentere det for dei andre i klassa. Dette er ei god erfaring å ta med seg vidare.

Gode erfaringar

Vi har ein visjon om at Chromebook vil gje auka læring, kunnskap, motivasjon og betre klasseleiing. Erfaringane er veldig positive. Elevane er ivrige og har blitt kjempeflinke på mellom anna presentasjonar.

Vi har som mål at våre elevar skal «knekke» lesekoden tidleg, og har no eit leseprosjekt gåande der lesing i alle fag blir ekstra vektlagt i undervisninga og lekser. Målet med dette er å utvikle gode leserar. Vi legg opp til ein raskare progresjon der elevane får presentert fleire bokstavar i veka.

Chromebook til alle

Dei eldste klassene kombinerer tekst og tale når dei arbeider. Slik kan læraren få betre oversyn om eleven har forstått oppgåvene, og kan tilpasse undervisninga i forhold til dette. Lydfilene gjer at elevane kan høyre seg sjølv og blir dermed meir beviste på uttale og språk. Ein klar fordel er også at læraren kan gi tilbakemeldingar raskare og enklare.

På skulen blir det nytta blandt anna Skolestudio, AskiRaski og M+. Skolestudio som er Gyldendal si plattform som samlar læreverk, interaktive oppgåver, prosjektarbeid og gir gode muligheiter for å nivåtilpasse oppgåvene til kvar enkelt elev.