Med vår flotte lokalisering, har vi naturen rett utanfor skuledøra. Her får elevane sjanse til å utfolde seg i fysisk aktivitet og observere dyrelivet i dei forskjellige årstidene. Leikeområdet er bygd for aktiv leik der elevane får utfordra motoriske ferdigheiter i både «Tarzanjungelen» og «høgdeparken». Samtidig er det rom for kreativ leik i sandkassa og leikarhuset.
Å kunne bruke naturen i undervisninga er viktig. I skogen har vi den flotte uteskulen vår med naturstiar, elva og mange turmoglegheiter. Her kan vi leike oss eller sitte saman rundt bålet medan vi lagar mat.
Om været skulle bli for dårleg brukar vi den flotte idrettshallen vår. Her kan vi nytte klatreveggen, eller bruke fotballbana.