Alle elevar på vår skule har kvar sin iPad/nettbrett som dei nyttar kvar dag i læringa si.

På Hundeidvik Privatskule har fyrsteklassingane skriveopplæring etter STL-metoden (”Skrive seg til lesing”), med eit nettbrett mellom hendene. I klasserommet sit elevane på rekke og rad og løyser oppgåver på nettbretta sine. Læraren går rundt og observerer og svarer på spørsmål. Etter at arbeidsøkta er ferdig, presenterer elevane arbeidet sitt for dei andre i klassa. Elevane handterer nettbrett og presentasjonsverktøy med største sjølv-følgje.

Gode erfaringar

Vi har ein visjon om at nettbrett vil gje auka læring, kunnskap, motivasjon og betre klasseleiing. Erfaringane er veldig positive. Elevane er ivrige og har blitt kjempeflinke på mellom anna presentasjonar. Vi har som mål at våre elevar skal «knekke» lesekoden tidleg. Vi legg opp til ein raskare progresjon der elevane får presentert fleire bokstavar i veka.

Nettbrett til alle

Dei eldste klassene kombinerer tekst og tale når dei arbeider. Slik kan læraren få betre oversyn om eleven har forstått oppgåvene, og kan tilpasse undervisninga i forhold til dette. Lydfilene gjer at elevane kan høyre seg sjølv og blir dermed meir beviste på uttale og språk. Ein klar fordel er også at læraren kan gi tilbakemeldingar raskare og enklare.

Del innlegget :

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on email