Gjensidigehallen
Åpningstid
Alle dagar mellom kl. 07-23
Prisar
Inkluderar tilgang til:
Fotballbane, buldrevegg, klatrevegg, squashbane, treningsrom, toalett og sosialrom (aldersgrense 15år på treningsrommet)
Dagskort 100kr
Dagskort familie 300kr
Månedskort 250kr
Årskort 2026 2200kr
Årskort familie 2026 3900kr
Klatrekurs voksen – 1 dag 500kr
Gratis inngang til fotballbana ved fotballtrening organisert av Sykkylven IL
Betaling via VIPPS:
Søk opp “Gjensidigehallen Hundeidvik”, og betal for din aktivitet.
Om Gjensidigehallen
GJENSIDIGEHALLEN er ein hall som rommar fleire aktivitetar. Den er åpen alle dagar mellom kl. 07 og 23. Dette gjer at du kan ta turen og prøve dei ulike aktivitetane når det passar for deg. Her finn du ei spuashbane, treningsrom, kunstgrasbane, buldrevegg og klatrevegg. I tillegg til alle aktivitetane ligg det eit sosialrom i førsteetasjen med ein liten kjøkkenkrok som ein kan leige. Rommet passar godt til barneselskap og liknande.
SQUASHBANA har eit bookingsystem som gjer at du kan booke den tida som passar for deg. Her kan du også kjøpe klippekort på 10 og 20 klipp. Om du ikkje har eigen squashracket og ball, ligg det utstyr du kan låne ved inngangen til bana.
TRENINGSROMMET ligg i andre etasjen på hallen, med ei trapp opp ret innanfor inngangsdøra til hallen. Her finn ein fleire ulike apparat, og noko for ein kvar smak. Det er ei aldersgrense på 15 år for å bruke treningsrommet
KLATREVEGGEN har løyper med fleire ulike vanskegrader, og disse er merka med tal. Det ligg framme fleire tau som ein kan bruke når ein klatrar, og disse kan berre henge oppe til neste person som kjem. Ein i klatrefølget må ha topptaukort eller brattkort for å kunne klatre i klatreveggen.
I løpet av året arrangerar vi fleire topptau- og brattkortkurs. Hausten 2023 starta vi også opp arrangert barneklatring. Dette var veldig populært og vil nok bli arrangert til hausten igjen. Følg med på våre sosiale media for å få med deg når dette blir starta opp.