Klatreparkinstruktør
Ønsker du ein spennade sommarjobb der du er med å skape minner for livet for store og små? Vi søker etter ungdom som vil vere med å drive klatreparken i årets sesong.
Hundeidvik Klatrepark opna for første gang i 2021 og har sidan tatt i mot tusenvis av besøkande, og utvidar stadig tilbodet. Vi har fleire klatreløyper med ulike vanskegrader, barnas bondegard, crosskartar og fleire typar elektriske køyretøy. I løpet av sommaren finn du omtrent 20 sesongansatte og frivillige i full sving. Mange av dei som jobbar med oss kjem tilbake år etter år.
Det vil bli gitt god opplæring i alle aktivitetane i forkant av sesongopninga 10.mai.
Om du har behov for fri nokon av opningsdagane legg vi til rette for dette.
Arbeidsdagar sesong 2026
- Veke 19 -27 – søndag
- (17.mai vil det vere stengt. 30.mai er det Fotballfestival og det vil derfor vere opent kun laurdag denne veka)
- Veke 28 – lørdag og søndag
- Veke 29 – 32 – tirsdag, torsdag, laurdag og søndag
Vi søker deg som er
- Pliktoppfyllande og engasjert
- Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk
- Over 15 år
- Motivert til å mestre nye utfordringar
Dine arbeidsoppgåver vil vere
- Opplæring av besøkande, utdeling og tilpassing av klatreutstyr
- Veiledning og bistand i klatreløypene ved behov
- Gjere parken klar til opning og stenging
- Vakter i kiosk/billettluke
- Passing og stell av dyra i bondegården
- Vakter på Crosskart
- Andre arbeidsoppgåver knytt til drift av klatreparken i opningstida
Søk ved å fylle ut dette skjemaet :
Søknadsskjema
Hugs å skrive i søknaden om du skal vekk nokon av opningsdagane
Søknadsfrist: Snarast, innan 15 .mars 2026