Testing av korona før SFO og skulestart. Hei alle og fortsatt god jul!🌲 Det er då bestemt at alle skal teste seg før skulestart, både tilsette og elevane. Alle skal teste seg før skulestart på denne måten : – SFO tek til på måndag den 3.januar.
Det betyr at elevane og tilsette som skal på SFO måndag må få tak i hurtigtest FØR måndag og teste seg. -Foreldra MÅ då : hente seg ein hurtigtest på hentepunktet på Sparebankbygget før helga, opningstid 10.00-12.30 i dag, i morgon og torsdag, og så ta testen på søndag. -Elevane og tilsette som tek til på skulen og jobb på tysdag 4.januar, MÅ hente seg hurtigtest på skulen og ta denne måndag. Rektor får testane på måndag etter kl. 10.00, så foreldre og tilsette kan hente frå kl. 11.00, og ta testen måndag ettermiddag.
-Ingen sjuke skal møte på skulen.
-Forsterka reinhald og lufting på skulen. Mvh. Rektor Ådne Brunstad

Hundeidvik Privatskule, profile picture

Del innlegget :

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on email