I vinterferien dag 3 lurte vi “nesten” regn og rusk og rakk ein aldri så liten kortreist grilltur før dei argaste regnbygene slo til. Godt nedlessa med pølser, utsøkt pinnebrøddeig i særklasse ala HPS/SFO og litt anna stæsj stabba vi oss opp bakkane til klatreparken i djupsnøven. 🌭❄Finfin trim det…🙈🙂❄
Det gjekk i allefall godt unna ned igjen, og dei sprekaste avslutta den uteøkta med nokre runder i den utsøkte skiløypa vår. Den var rett nok ein smule vasstrekt i dag, men godt brukandes enda.⛷❄