I SFO testar vi stadig ut nye smakar… Vi har eit superflott testpanel i flokken vår,- og alle er flinke til å prøve… I dag var det rå kålrot og agurkvatn som vart innført som ekstraingrediensar til måltidet. Maten går forøvrig stort sett ned på høgkant,- og om vi hadde hatt ein like diger gulrotåker som heile verda,- så hadde vi nok greidd å ete den opp på EIN dag…😂
Vi er rett og slett rågode til å ete grønsaker🌞🥕🥦🌶 Akkurat som om joggeskorne får litt ekstra fart,- på ein måte,🏃‍♀️🏃‍♂️😅…og veit dokke at det faktisk til og med går an å øve på bokstavane på brødskiva??? Det er vårt hemmelege triks, så det røper vi ikkje her. I allefall ikkje heilt enda…🤩 Ha ein superfin ettermiddag i septembersola!!!🌞

Del innlegget :