I dag har vi vore utruleg heldige, og fekk bli med Karl Johan Stadsnes og merke fugleungar i hagen til vår kjære Sølvi. Den lille kattugla Korona er noko av det søtast vi har sett, og vi var så heldige at vi alle fekk halde og sjå den på nært hald!
Tenk at den berre er tre veker gammal og er så stor! Sjølv om den hadde ganske så skarpe klør, så fann den kjapt ut at alle frå HPS er kjekke folk som vil alle vel, så då tok den livet heilt med ro og godtok lett å vere hovudattraksjon i skuletimen vår.
Vi fekk masse flott informasjon, om alt frå livslengde, fjørpryd, matvalg, levevis, flygelengde og oppførsel. Karl Johan er jo nesten som ein levande Google å rekne! Etterpå fekk vi merke to bittesmå, ca seks dagar gamle blåmeisbabyar. Dei hadde knappast fått dun enda, og var ganske så rare! Vi er så heldige🌞🌞🌞🌞

Hundeidvik Privatskule, profile pictureKan være et bilde av utendørsKan være et bilde av natur og treKan være et bilde av smykkerKan være et bilde av en eller flere personer, fugl og natur

Del innlegget :