I dag har vi hatt ein super dag i Klatreparken. Tenk å vere så heldige å ha ein så flott klatrepark rett ilag med skulen vår! Både små og store fekk utfordre høgdeskrekken, og ikkje få barrierer vart brotne i løpet av dagen 🌞
Tradisjonen tru var det avslutningskamp mellom sjuandeklassingene og dei vaksne på fotballbana. Nytt av året var vår heilt eiga cheerleadingtrupp med mange gode heiarop 🥰
Rektor vart kåra til dagens spelar, sjølv om “Heidi Kane” scora hattrick!
Til slutt runda vi av med mange gode ord både om og frå avgangselevane våra. Vi kjem til å sakne dokke neste år, alle som ein! 💐🥰🥇
God sommarferie!

Del innlegget :