I dag har vi hatt besøk av kultursekken og fått oppleve ein fantastisk flott konsert som hadde fått namnet ALO – alltid🎵🥁 Jammen joika dei sjølvaste Masi som vi kjende igjen frå stjernekamp også. 🎵🎶

Historier om venskap

I konserten Alo blir vi kjende med dei tre musikarane Marit, Snorre og Klemet. Dei fortel om oppveksten sin og om å vere vener, og dei fortel om å vekse opp i den samiske kulturen. Historiene kjem fram gjennom joik og musikken dei spelar, i både tradisjonsrik samisk form og moderne lyddrakt. ”Alo” er eit samisk ord, og kan oversettast med ”alltid”. Slik vi ønskjer at venskapa frå barndomen skal vare – for alltid.

Medverkande

Marit Hætta Øverli – joik
Espen Høgmo – trommer
Klemet Anders Buljo – joik, gitar og lyd



Del innlegget :

Close Menu