I dag har elevane i 1.-3.klasse vore på besøk med Sykkylven Naturmuseum. Vi var så heldige å bli invitert med på formidlingsopplegget – “I iskanten!”🧊 Vi har fått lære om både istida og kva som skjedde når veret blei varmare og isen smelta bort.
Elevane fekk også sjå og kjenne på kopiar av stein- og beinreiskapar frå steinalderen. Vi fikk til og med lage vår heilt eigen skinnpose ved bruk av steinalderreiskapar!🪨 Etter ei lita lunsjpause ute i sola tok vi oss like så godt ein tur på besøk til biblioteket også. Her hadde dei laga til bok-kino, og det var stor suksess! Vi fikk til og med låne med oss kvar si bok heim igjen🤩📚 Ein kjempefin og lærerik dag med storfornøgde elevar!🥰