Hundeidvik Privatskule var skipa i 2011, og er såleis 10års-jubilant i år. Det synest sjølvsagt vi som har vårt daglege virke her er stor stas! Vi er veldig stolte av, og glade i den fine skulen vår. Skulebygget er omkransa av flott natur og eit stort leikeområde som ligg lokalisert midt i Hundeidvik kulturpark. Elevane kan dermed fritt gjere seg nytte av alle dei fasilitetane som parken har å by på, derav jungelløype, utebase med gapahuk, klatrepark og fotballbaner, samt idrettshall med buldrevegg, klatrevegg, kunstgrasbane og squash. Bedriftene, idrettslaget og dei øvrige organisasjonane i grenda er gode støttespelarar til skulen, og av desse kan vi nemne dei kjekke damene i Hundeidvik velforeining som kjem og leverer frukt til oss jamnleg.
Skulen, som har elevar frå 1.- 7. trinn har flotte lyse eigna lokaler, og eiga skulefritidsordning der det mellom anna vert servert gratis frukost til alle elevane kvar dag. (Merk: Vi har ikkje frukosttilbod no under koronapandemien.)
Vi har bruk av iPad i undervisninga som satsingsområde, og ser at dette er eit nyttig verkty for å fremje meistring av skulearbeidet.
Skulen har eigen buss som gjer det lett å frakte elevane på ulike utflukter, t.d. til symjehallen. Elevane våre får symjeopplæring frå 1.trinn.

Det er gratis å gå på skulen vår, og skulefritidsordninga kan skrifte med svært behaglege prisar. Gjeldande prisar pr 2021 er kr. 1600,- for ein stor femdagarsats, og kr. 1100,- for ein liten sats som inneber tilbod tre dagar i veka.

Vi har som mål at både dei tilsette og elevane skal få kjenne på visjonen til skulen kvar dag:

“Med trivsel i sentrum og rett til å blomstre”.⚘🌷🌼

Velkomen som søkjar til Hundeidvik Privatskule og SFO!
Søknadsfrist 1.mars for skulen, og 1.april for SFO.🌻

https://docs.google.com/…/1FAIpQLSeRF-b_IahHHT1Ias…/viewform

Skulen inviterer til informasjonsmøte for nye søkjarar torsdag 11.februar kl.18.00. Grunna restriksjonar ang Covid- 19 treng vi påmelding til dette. Klikk på lenkja for påmeldingsskjema.

https://docs.google.com/…/1FAIpQLScGnKsd1csE2OjTHj…/viewform



Del innlegget :