Hei alle Minner om at i morgon, fredag 22.oktber, frå kl. 11.15-13.00 er det løp på skulen til innsamling for TV-aksjonen.
Flott om foreldre eller besteforeldre eller andre kjem og heiar på elevane våre. På grunn av dårlege vermeldingar i morgon, flyttar vi inn i hallen og lagar til løypene der nede. Lengda på løpa blir det same som det skulle vere ute, ca 250 meter for 1.-4.klasse og ca 370 meter for 5.-7.klasse.
Det blir salg av kaffi og vafler til dei som ynskjer det.

Fint om elevane har fått ordna seg med ein sponsor eller to eller fleire. Skulen sjekker ikkje opp om sponsorbeløpa blir betalt inn til TV-aksjonen.

Her er link til innsamlingsaksjonen :

spleis.no/project/188044

Med helsing personalet på Hundeidvik Privatskule.

Hundeidvik Privatskule, profile picture

HundeidviK Privatskule AS sin digitale bøsse til TV-aksjonen

Del innlegget :