Haustferieveka i SFO 2021 er i ferd med å rulle i mål, og trass litt ruskut ver utomhus så har vi jammen hatt det stasleg likevel. I tillegg til stor fri byggeaktivitet som har framkalla dei argaste byggverk, har vi m.a. baka, laga småskumle kryp og lykter, hatt papirflymeisterskap, turna i gymsalen, bowla og vore klatremus på skyhøgt plan under rognebærjakt i særklasse.🤩 Rognebæra vart deretter sett saman og trylla om til dei nydlegaste hjarter… 🧡
Sjølvsagt har vi hatt litt ekstra kjekk mat også på menyen denne veka. Bollar, kakao, vaflar, Taco, pølse med pasta og salat har gått ned på høgkant. Heilt tilslutt runda vi av med ein retteleg “heimekino”. Herlege dagar!
Her er del 1 av lysglimta🍁

Hundeidvik Privatskule, profile pictureKan være et bilde av 3 personer, folk som sitter og innendørsIngen bildebeskrivelse er tilgjengelig.Kan være et bilde av en eller flere personer, natur og treKan være et bilde av tre og natur

Del innlegget :