GODHEITSVEKA I SYKKYLVEN!!!❤
Skulen vår har markert denne veka på ymse vis:
Vi har gått tur kring i bygda og smett gode varme ord i postkassene, hengt opp flotte godheitsplakatar på fleire postkassestativ, delt ut godheitsbøter på bilane, skrive flotte kort til folk dei vil glede, sunge for elevane og dei tilsette ved Velledalen Montesorriskule då vi var på symjing, delt ut goooode drops, utført godheitsbingo med ymse gjeremål for andre, hjelpt til heime, gått på faddertur til Vellingsneset, og elles har vi hatt fokus på å vere ekstra kjekke og snilde med kvarandre. Det var både så sosialt og lurt, at det vil vi jammen likegodt fortsette med. #godheitsveka #gieitsmil
HA EI ALDELES STRÅLANDE HELG🌞

Del innlegget :

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on email