Fredag, og siste skuledag før påskeferien🐰🐣 Jammen kom det besøk i alle klasserom av ein heilt ekte påskehare…🐰
Ikkje nok med det, men vi mistenkjer at harepusen hadde fleire hjelparar også, for ut på ettermiddagen høyrde vi nokre forunderlege høge dundrelydar inn i SFO🙈 Då vi rykte ut i gangen for å sjå var der eit forferdeleg virvar med rosa tråd og harepuspels. I enden av tråden, bak pianoet i myldre låg der eit stort egg, med helsing påskeharen! Vi tok sjansen på at det var til oss, og kosa oss dermed glugg med påskegodt og brettspel siste økta av dagen også!!! Retteleg god påske frå alle ved Hundeidvik skule og SFO🐣🐥🐰🌞

Del innlegget :

Share on facebook
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on email