Dei siste dagane har vi hatt ryddeaksjonar i nærområdet, og kan melde om flinke elevar som bryr seg om naturen og heimbygda si. 🥰 I går rydda vi i Hundeidvik, i dag tok vi turen til Straumegjerde og fekk rydda litt der. Trur du ikkje vi var så heldige og bli påspandert is av butikken også 🌞 Tusen takk, det gjorde godt! Ellers har vi kosa oss med 17.mai leikar på skulen, og her var det full innsats i både potetløp, sekkeløp og fellesstart på firemannsski.😂 Vi avslutta dagen med volleyball og pølsegrilling på Aure. Så no tek heile storeskulen ei velfortjent langhelg
🇧🇻Hipp hipp hurra! 🇧🇻 17. mai program kjem på Hundeidvik si side, i år som i fjor. 🌹