Vi starta dagen i skogen i halvmørket, kosa oss rundt bålpanna, spikka grillpinner og tok frokosten i det fri.🌭 Heldigvis kom Nissemor 🤶 med kakao og smores til oss, så då fekk vi energi til juletrehogsten. Vi fann nokre prakteksemplar av edelgran, nøye studert og beundra av gjengen. Saginga gjekk som ein leik, med godt samarbeid. Lamadama Toffifee fekk og smake litt godis, og ho takka ikkje nei til verken kos, kjeks, eple eller pølsebrød 🥰 No tek vi oss ein god kvil, og ladder opp til eit nytt og spennande skuleår. GOD JUL🎅🎉