Då er to herleg kjekke veker med sommar- SFO over, og no skal bygningane vere heime åleine i fire veker før vi fyller opp igjen med kjekke born og vaksne måndag 8.august. 🤩 Desse vekene har vi gjort mykje spennande. I tillegg til dei fine badeturane våre som vi har lagt ut statusar frå før i veka, har vi kosa oss glugg både innomhus og utomhus, sjølv om vi tidvis har gurgla ganane fulle med regn😂🙊🌞Vi har m.a. vore i området kring klatreparken på natursti, holdt nøyaktig teljing på alle rompetrolla, hatt klovnedag, herja herleg fritt i gymsalen, laga råkule fargerike “maisfigurar”, ordna kinodag der det til og med vart trylla fram ekte kinosnacks, baka, steikt, grilla og kokt massevis av alle tenkjelege slag, og sjølvsagt ete is på dei mest brennheite dagane.🌞 Her er nokre fleire lysglimt frå sommar i basen. Kjekt, kjekt, kjekt🌻🐞🌞🏃‍♂️🏃‍♀️
God sommar frå alle oss i SFO🤩
PS! Om ikkje sola skin ute,- så kan den brått skine inne…Det var vi erfart😍🌞
Dagane kan ein nyte uansett…🤗

Del innlegget :