Aloha! 🌴 Då har HPS Airlines, Flight 1-7 under Capt Bjørneset trygt ankomt nydelege Hawaii.
Det vart ein roleg flytur, med litt ekstra turbulens rundt SFO.
Heldigvis hadde alle passasjerane hugsa både pass og billett! På Hawaii vart vi tatt imot av huladansande innfødde, før vi sosialiserte oss på spelebuler fulle av sjakk, villkatten og stigespel 🎉
Etter eit intensivkurs i Hula Hula, var det forfriskande med litt tropisk juice og sydhavsfrukter.🍹 På diskorommet fekk vi testa dansekunnskapane, 🎉 og heldigvis gjekk det bra med alle under det svært lokale vulkanutbruddet! 🌋 Håper alle får ein like flott ferie snart 🌞
Mahalu for turen!