Klatreparkinstruktør 

Ønsker du ein spennade sommarjobb der du er med å skape minner for livet for store og små? Vi søker etter ungdom som vil vere med å drive klatreparken i årets sesong.  

Hundeidvik Klatrepark opna for første gang i 2021 og har sidan tatt i mot tusenvis av besøkande, og utvidar stadig tilbodet. Vi har fleire klatreløyper med ulike vanskegrader, barnas bondegard, crosskartar og fleire typar elektriske køyretøy. I løpet av sommaren finn du omtrent 20 sesongansatte og frivillige i full sving. Mange av dei som jobbar med oss ​​​​kjem tilbake år etter år.  

Det vil bli gitt god opplæring i alle aktivitetane i forkant av sesongopninga 10.mai.  

Om du har behov for fri nokon av opningsdagane legg vi til rette for dette. 

Arbeidsdagar sesong 2026 

  • Veke 19 -27 – søndag  
  • (17.mai vil det vere stengt. 30.mai er det Fotballfestival og det vil derfor vere opent kun laurdag denne veka) 
  • Veke 28 – lørdag og søndag  
  • Veke 29 – 32 – tirsdag, torsdag, laurdag og søndag  

Vi søker deg som er 

  • Pliktoppfyllande og engasjert
  • Inkluderande, sosial og likar å jobbe med folk 
  • Over 15 år  
  • Motivert til å mestre nye utfordringar 

 Dine arbeidsoppgåver vil vere 

  • Opplæring av besøkande, utdeling og tilpassing av klatreutstyr 
  • Veiledning og bistand i klatreløypene ved behov 
  • Gjere parken klar til opning og stenging 
  • Vakter i kiosk/billettluke  
  • Passing og stell av dyra i bondegården 
  • Vakter på Crosskart 
  • Andre arbeidsoppgåver knytt til drift av klatreparken i opningstida 

 

Søk ved å fylle ut dette skjemaet :

Søknadsskjema 

 

Hugs å skrive i søknaden om du skal vekk nokon av opningsdagane 

Søknadsfrist: Snarast, innan 15 .mars 2026

 

 

Del innlegget :