I dag har vi latt kreativiteten utfalde seg i stor stil på 6.&7. trinn, og feira samane sin nasjonaldag bittelitt på forskudd. Sjekk dei flotte muffinsane, pynta med sameflagget. Gjett om dei smakte! I tillegg har vi fletta oss armband i samefargane og ikkje minst tatt oss ei kjekk økt i gapahuken til klatreparken, og kosa oss med Bidos ala HPS. Her hadde ikkje ein gong Hellstrøm hatt ei einaste innvending! Då kan vi seie Lihkku beivviin til alle i morgon 🌞