I dag testa vi den nye råsa frå Klatreparken og opp til gapahuken/vegen. Vi fann ut at dette var ein perfekt plass for å ha overnatting i hengekøye til sommaren 🌞 Litt vått over myra, men ein kjapp, liten og kjekk tur, og staseleg veg heim om ein går Nyfonnvegen og ned til den nye turvegen, om uteskulen. Bra merking frå enden av Klatreparken, sjå etter dei raude merka på trea. God tur!