A+ A A-

Om HPS

Hundeidvik Privatskule AS blei stifta i 2010 etter initiativ av innbyggarane i Hundeidvik. Skulen starta opp skuledrifta i 2011, og leigde lokaler i den gamle offentlige skulen første året. Vi ønskjer imidlertid å kunne tilby våre elevar dei beste vilkåra for læring. Det var derfor stolte innbyggarar som kunne presentere det nye flotte skulebygget som sto klar til Skulestart i 2012. Skulebygget er etablert i flotte omgivelsar saman med Hundeidvik Grendahus og Hundeidvik Stadion. Her har vi fått topp moderne undervisningslokale både for elevar og tilsatte. I tillegg har vi tilgang på flotte lokale i Hundeidvik Grendahus for gymnastikk, skulekjøkken, teater, musikk osv.

Hundeidvik Privatskule er ein skule for alle elevar som ønksjer eit alternativ til den offentlege skulen. Skulen er gratis, som betyr at vi ikkje tar skulepengar. Skulen er åpen for alle elevar frå klokka 07.30 og då tilbyr vi også gratis frukost til alle som ønskjer dette. Om ettermiddagen tilbyr vi SFO for elevane. Satsane tilsvarar halv sats i forhold til dei offentlige skulane, sidan det får gratis frukost (og pass) om morgonen.

Alle elevar som har rett på skuleskyss ut fra avstand til skulen, får dette tilrettelagt.

 

 

 

Trimrommet

Facebook

Template Design © Joomla Templates | GavickPro. All rights reserved.

Login

Logg inn

Velkommen